Unni Boksasp

Unni Boksasp er folkesongar. Ho arbeider som musikar på heiltid, både som solo kvedar, i ulike ensemble, som komponist, pedagog og folkedansar.
Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå Universitetet i Sørøst- Norge, campus Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkesongarane i Skandinavia. Ho mottok Spellemannsprisen for plata "Keramello" i 2011 ilag med sitt eige Unni Boksasp Ensemble og vann eliteklassa i vokal folkemusikk – klasse A – både i 2010 og i 2011. Unni Boksasp er i dag tilsett som førsteamenuensis i folkemusikk ved Universitetet i Sørøst- Norge i tillegg til å vera frilansmusikar.
Unni Boksasp arbeider både i det tradisjonelle uttrykket og med å vidareutvikle og leite fram nye musikalske vegar. I sitt skapande arbeid let ho seg inspirere av andre vokalistar innan folk- og visesjangeren, som @Kari Bremnes, @Joni Mitchell, @Kiran Ahluwalia, @Ulrika Bodén, @Odd Nordstoga, @Valkyrien Allstars og @Sudan Dudan, men også instrumentalistar @Per Anders Buen Garnås, @Olav Luksengård Mjelva, @Daniel Sandén Warg, @Jorun Marie Kvernberg, @Mats Edén, @Ånon Egeland og @Mia Marine.
I @Unni Boksasp Ensemble spelar @Trygve Brøske, @Magne Vestrum og @Petter Berndalen, i gruppa @Perleskum @Jorun Marie Kvernberg, @Daniel Herskedal og @Dag Philip Roaldsnes og i damekoret @Cantus med dirigent @Tove Ramlo Ystad.

482

Monthly Listeners

247

Followers

Where people listen

Albums

Listen to Unni Boksasp now.

Listen to Unni Boksasp in full in the Spotify app