Lydia Haugan Helland

Popular

Popular releases

Singles and EPs

Artist Playlists

About

14 monthly listeners

Lydia Haugan Helland, 25 år, er ein låtskrivar, artist og komponist frå Vikedal - ei lita vestlandsbygd i Nord- Rogaland. ​Det å kunne vere allsidig med instrument og stilartar inspirerer Lydia til å lage ny musikk. Heile livet hennar har ho hatt musikk og instrument frå fleire delar av verda rundt seg; tangentar, gitarar, harper, bodhran, djembe, langeleik, fløyter og munnharper. Faren sette på Kent og Coldplay, medan mora introduserte henne for folkemusikken gjennom albumet Nivelkinn, munnharpekurs, gresk folkedans og den irske danseforestillinga, Riverdance. Ho måtte akkompagnere Lydia på piano kvar kveld, og på rommet sitt høyrde Lydia på Ravi, P!nk, Eminem, Beyoncé og Hits for Kids. ​Lydia skriv songtekstar både på norsk og engelsk. Ho skildrar det kjære vestlandslandskapet ho har vekse opp i og syng om sakn, kjærleik og ulike steg som tas i livet. Ho skapar melodiøs musikk med element frå både rock, soul, visesjangeren, film-og folkemusikk. 

105

Followers