We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.
Jorun Marie Kvernberg er ein allsidig folkemusikkutøvar og -komponist, og spelar/har spelt i mange av dei mest aktive folkemusikkgruppene i Noreg.
I 2003 mottok ho Spellemannprisen saman med ensemblet Majorstuen, og i 2010 saman med Unni Boksasp Ensemble. Hovudinstrumenta er fele og hardingfele.
Som utøvar og arrangør/komponist har Kvernberg tatt det folkemusikalske inn i samtida og låner farger frå andre sjangrar som vise, jazz og pop. Ho er inspirert av utøvarar og låtskrivarar som Odd Nordstoga, Frida Ånnevik, Gjermund Larsen, Thea Hjelmeland og bror Ola Kvernberg. Ho er ein viktig bidragsytar til folkemusikkbandet Majorstuens låtmateriale og arrangement gjennom 20 år.
Tytebæret , med Unni Boksasp (folkesong), Daniel Herskedal (tuba) og Dag-Filip Roaldsnes (piano), kom til i 2018 i samband med eit tingingsverk frå Kvernberg til Førdefestivalen. Tonesettingane av Aasmund Olavsson Vinje sine dikt blir å høyre på Perleskum sitt debutalbum, Tytebæret, i mars 2020.