Perleskum

Perleskum

Popular

Popular releases

Albums

Singles and EPs

Featuring Perleskum

Fans also like

About

89 monthly listeners

Perleskum er Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist), Unni Boksasp (folkesong, harpeleik), Daniel Herskedal (tuba t.o.m. 2020)/ Lars Andreas Haug (f.o.m. 2021) og Dag-Filip Roaldsnes (piano). To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng. Perleskum fann tonen gjennom eit tingingsverk til Førdefestivalen sommaren 2018. Aasmund Olavsson Vinje vart feira med nye tonar og barneforestillinga «På geitevis» (manus og regi Tore Nysæther). Sidan utvikla konsertversjonen Perleskum seg, stadig med Aasmund Olavsson Vinje sine dikt som songtekstmateriale. Tytebæret

er bandet sitt debutalbum, utgitt på plateselskapet TA:LIK. Produsent var Lars Andreas Haug og plata var spelt inn hjå Øra studio /Jo Ranheim og miksa og mastra i Ocean Sound Recordings /Henning Svoren. ​Komponist , felespelar og prosjektleiar Jorun Marie Kvernberg er kjend frå mellom andre ensembla Majorstuen, Tindra, Unni Boksasp Ensemble, Camilla Granlien Band, Bruvoll & Halvorsen, samspel med Gabriel Fliflet og Trio Alde, Øyvind Sandum, i Kviven duo saman med Britt Pernille Frøholm.. Inspirasjon frå m.a. Frida Ånnevik, Odd Nordstoga, Marius Neset, bror Ola Kvernberg, Annbjørg Lien.

90

Followers